Velkommen til historiekafé med temaet «Frå postruter til 5G». Denne kvelden blir det fokus på post- og telehistoria i bygda – frå postsekk med hest over fjellet, via telefonsentralar og telefonlinjer, til dagens fiber- og 5G-nett.
Gjennom forteljingar og tilbakeblikk får vi høyre om korleis kommunikasjonen har utvikla seg gjennom tidene, og kva betydning dette har hatt for Hemsedal og lokalsamfunnet.
Som alltid blir det også servering av kaffi og kaker, musikk og ein hyggeleg quiz.
Døra åpner 18:45. Betaling kr 130 ved inngangen (vipps eller kontant) dekker kaffe/te og kake.