Tilbake til alle arrangementer

Ungdomsklubb

  • Hugnadheim Fiskumvegen 150, 3560 Hemsedal Hemsedal Norge (kart)

Ungdomsklubben er open for alle frå og med 8. klasse og opp til 18 år. Klubben er open kvar fredag kl. 19.00 til 23.00 i skuleåret. Klubben ligger sentralt i Hemsedal sentrum, ved idrettsplassen. Klubben har lokale i underetasjen på Hugnadheim.

Det er gratis inngang for alle! Klubben tilbyr eit trygt og rusfritt miljø for all ungdom.

Klubben er ein open møteplass med hyggelege sittegrupper og kiosk med sal av brus og snacks. Klubben inneheld diskotek, tv-rom med kinolerret og tv-spel, Wi-Fi, bordtennis, airhockey, biljardbord og diverse andre spel. På uteplassen er det ein skatepark og basketkorg som nyttast ofte. Fotballbane og eSport-rom er rett ved og ofte tilgjengeleg for ungdomane

Bilde av Hugnadheim med liten skatepark i front
Forrige
Forrige
5. september

Mekkeverkstad - for olabil

Neste
Neste
6. september

Åpen stolheis - SKISTAR