Utstillinga gir eit lite innblikk i historia om Skinnfellgården og arbeidet med skinntrykk i Hemsedal.
Martin Simon viser fram noko av det som vart laga, kvar mønstera og symbola kom frå, og korleis gamle trykkstokkar framleis blir brukte til nye produkt.
Skinntrykk, eller «kroting», har røter i ein gammal handverkstradisjon der mønster vart trykte på skinnfellar med utskorne trestokkar.
På utstillinga kan du også bli kjend med historia til Li og Vult Simon og arbeidet deira med Simon Skinntrykk og Skinnfellgården.
Utstillinga er open måndag 7/9-fredag 11/9 kl 9-15