Hemsedal Bibliotek har jobba godt med Sommarles i mange år. Før kampanjen vart nasjonal, hadde vi, saman med dei andre biblioteka i Hallingdal, det vi kalla Sommarbok. Ungane hugsar frå sommar til sommar, og det er ei forventning i lufta når det nærmar seg sommar. For elevane betyr det sol, varmt vær og bibliotekbesøk i sommarklede: Sommarles 😊
Vi deler ikkje ut premiar lenger enn til og med level 30, men har ein litt større trekkepremie til kvar klasse, som vi deler ut på Sommarlesfesten tidleg i september. I tillegg har eg lova å bake kake til den klassen som les mest – og forventing om kake kan også inspirere til lesing!