Velkomen til Møtepunkt! Vi samlast fyrste sundag i månaden på Kyrkjestugu i Hemsedal.
Møtepunkt er eit lavterskel tilbud for folk i alle aldre og livssituasjonar. Vi forsøker å vera ein uhøytideleg stad å koma til, der du kan bli kjent med folk over middag og høyre spennande tema/musikk/dialogsamtaler/kulturelle innslag rundt tru og liv.
Tema denne sundagen: Håp i hausten -og kome innom både bønn, helbredelse og når livet er vanskeleg.
Denne sundagen er Eivind Nilsen taler. Eivind kjem frå Kristiansand, men bur og arbeider for tida på Nordfjord folkehøgskule. I tillegg til å vere ein svært spretten og habil skikøyrar, er han utdanna prest. Eivind er ein sånn fyr som alltid landar på beina, og tar tilværelsen med godt humør. Samtidig har han erfart sjukdom og død i nær familie og har skreve oppgåve om "håpets betydning i livets sluttfase".
For dei som vil -er det middag fra kl 1600.
Kl 1700 er det felles møtestart og ca kl 17.15 går barn og ungdom i grupper for ulike aktivitetar.