Museet er ope kvar dag måndag 8/9 til sundag 14/9 - med omvisar på tunet.
Fotoutstilling i fjøset, leikekiste og rebus for borna.
Hemsedal Bygdatun finn du eit stykkje opp i dalsida i Ulsåk, med eit fantastisk utsyn til Hydnefossen. Bygdatunet Øvre Løkji er ein av dei eldste gardane i Hemsedal, med røter som går tilbake til folkevandringstida.
På museet står det bygningar frå midten av 1600-talet og fram til 1876. Bygdatunet med bygningar og gjenstandar gjer eit godt bilete på korleis det var på ein gard i Hemsedal frå 1700-talet, og opp mot vår tid.